Vi er ein nyetablert og nøkternt driven sjakklubb, og ønskjer at flest mogleg skal ha høve til å delta – uavhengig av økonomi.
Vi har derfor valt å halde medlemsavgifta låg, berre litt over det klubben sjølv betaler i kontingent til Norges Sjakkforbund for kvart medlem. Slik ønskjer vi å halde terskelen for å bli med så låg som mogleg.
Samtidig betyr den låge medlemsavgifta at vi er avhengige av andre inntekter for å kunne byggje opp klubben. Vi treng mellom anna å kjøpe inn sjakkbrett, klokker og anna nødvendig utstyr, og etter kvart kunne utvikle aktivitetane våre vidare.