Klubbkveld kvar tysdag 17:30 | 25. aug-15. des 2026
Du treng ikkje vere medlem for å kome innom. Ta gjerne turen på ein klubbkveld for å sjå kva vi held på med, spele litt sjakk eller berre slå av ein prat. Du er velkomen anten du er ny til sjakk eller har spelt lenge.
Som medlem får du ein fast møteplass for å spele sjakk, bli betre og bli kjent med andre sjakkinteresserte. Klubben stiller med brett og klokker, og du får tilgang til dei aktivitetane vi arrangerer.
Medlemskap i klubben gir også medlemskap i Norges Sjakkforbund, med mellom anna:
høve til å delta i sjakkturneringar i Noreg
moglegheit for offisiell FIDE-rating
Norsk Sjakkblad tilsendt tre gonger i året
rabattar på sjakkutstyr, overnatting og meir
Fyll ut innmeldingsskjemaet, så tek vi kontakt med deg.
Medlemsavgift for 2026:
Barn (15 år og yngre): 100 kr
Ungdom (16 til 25 år): 200 kr
Vaksen (26 år og eldre): 600 kr
Familie (to vaksne og alle barn som er busette i same husstand): 800 kr
Det er halv medlemsavgift for vaksne ved innmelding 1. august eller seinare.